Startside EnglishGerman

INFORMASJON FOR FISKESESONGEN 2017.

 

 

Ein kan bestille fiskekort ved å kontakte:

Chatlet Sport AS
6770 Nordfjordeid
Telefon: 57 86 13 71
E-post: chatleteid@sport1.no  eller formann i Eid sportfiskelag eidsportfiske@yahoo.com

 

 

 På Chatlet Sport AS, Moengården, ligg alle permar for bestilling av fiskekort til dei sonene som Eid Sportfiskelag administrerer. Det er berre å stikke innom butikken å sjå i permer som ligger framme, ringe eller send e-post.

Selger 1/2 dgn kort kr. 250.- og heildgn.kort kr. 500.-                                                

 

Ny betalingsordning fom 2017. Det er kun betaling med kort ved kjøp av fiskekort ( ingen kontant betaling ). Husk å vise kvittering for betalt Fiskeravgift 2017, samt utført desinfisering. 

 

For tilreisande som kjem for å fiske i Eidselva så er det viktig å vise desinfisering-kvittering. Har du vore i eit anna vassdrag så skal fiskeutsyret desinfiserast!

Dette for å unngå smitte.

Gjenutsatt fisk skal registrerast.

Husk å levere skjellprøver og fangstoppgåver samla i ei av våre postkasser på infotavler ved Skipenes bru eller Nor bru, slik at vi får registrert all fisk.             Dette vil hjelpe oss med vidare arbeid for elva i åra som kjem.

Minner Dykk om kvote også for sjøaure, samt kun ein treblekrok på sluk og wobbler.

 

Fisket opnar 1.juni og held fram til og med 31.august.

 

Kvote:
Styret i Eid elveigarlag har vedteke fylgjande regulering for fisket sesongen 2017.

  • 2 laks pr. fisker pr. ½ døgn og 4 laks pr. døgn. Med laks meinast frå og med minstemål. 2 halvdøgnskort på samme sone etter kvarandre vert å rekne som eit døgnkort.
  • Totalkvote på 10 villaks over 3 kg pr. fisker i sesongen 2017.
  • Minstemål for sjøaure og laks er 40 cm.
  • Kvote sjøaure: Ein sjøaure pr. fisker pr. halvdøgn, 2 pr. heildøgn.
  • Minner Dykk om skjellprøve av all fisk.
  • Hugs også på rapportering av fangst. Dette er svært viktig - vi er heilt avhengig av rett rapportering for å få styre elva sjølve.
  • Gjenutsett fisk skal registrerast og rapporterast med ca vekt og lengde.

Kvotane vil bli vurdert gjennom sesongen. 


Desinfisering:
Det vert desinfiseringsstasjonar på Nesjartun camping og Cirkle K.                               Har du vore i anna vassdrag, så skal fiskeutstyret desinfiserast. Dokumentasjon vert utskriven frå desifiserings-stasjon.

Fiskeoppsyn:
Det vert utførd kontroll av fiske og fiskeredskap.                                                            Kontrollør har og funksjon som kontaktperson ved evt. spørsmål frå den enkelte fisker.

Kontrollører: 


Dag-Ståle Leivdal        924 30 525  Alle soner. Kontaktperson for heile elva. 

Asgeir Skrede              950 11 156  Alle soner. Kontaktp. Nor/Fossen/Kvien/Moen.
Stian Bjørlo                  908 81 628  Alle soner. Kontaktp. Bjørlo.
Eirik Johnson               906 11 162   Alle soner. Kontaktp. Staten.

Henning Langeland    416 96 649   Alle soner. Kontaktp. Langeland/Stokkenes             Øyvind Bjørlo              913 43 561   Alle soner. Kontaktperson for Bjørlo                 

Irvin Yri                       975 97 654   Alle soner. Kontaktp. Staten og Bjørlo



Vi vil oppfordre Dykk alle til å ta med boss slik at det vert ei triveleg oppleving ved elva.

 

Skitt fiske!

 

Eid sportfiskelag

Styret

 

Aktuelt
Laks Alsaker

Alfred Flåm fekk denne flotte laksen på Alsaker mandag 14 august.  Laksen vart teke..

Les meir »
Midtvegsrapportering 2017

Elveeigarlaget har no sendt inn midtvegsrapporten pr. 1. juli. Dette ser svært lovande ut. Fan..

Les meir »
God start på fisket i Eidselva i 2017

Det vart teke 15 laksar mellom 5 og 10 kg første fiskedøgnet. I tillegg også nok..

Les meir »