Startside EnglishGerman

Storlaks frå Eidselva

Den 22. mai 1944 vart ein ”historisk” fiskedag for Martin A. Hjelle. Grytidleg om morgonen banka han på soverom-glaset heime hjå broren Knut, og spurde om han ville vere med på eit ”eventyrfiske”. Han hadde nok sett ein kjempelaks i Hammarhølen, og funne det lurast og ha kleppar med, i tilfelle fisken beit på.

Knut sto opp og vart med, laksen beit på, og etter ein lang og hard kamp tapte laksen den kampen, men vant ein ”historisk siger”.

Fisken var den største ”av sin rase” som til då var fanga, fiskeforskar kom frå Oslo og tok prøvar, ”vitale mål” og vekt av laksen.

Ho-laksen var i sitt 7-ande år, og var komen på elva for 3. gang for å gyta.

Vekt (to døgn etter fiske) var 27,6 kg. Lengde var 129 cm. og den var 80 cm. rundt ”midjen”.

Aktuelt
Laks Alsaker

Alfred Flåm fekk denne flotte laksen på Alsaker mandag 14 august.  Laksen vart teke..

Les meir »
Midtvegsrapportering 2017

Elveeigarlaget har no sendt inn midtvegsrapporten pr. 1. juli. Dette ser svært lovande ut. Fan..

Les meir »
God start på fisket i Eidselva i 2017

Det vart teke 15 laksar mellom 5 og 10 kg første fiskedøgnet. I tillegg også nok..

Les meir »