Startside EnglishGerman

Ei flott elv

Med start ved Nor, i vestre ende av Hornindalvatnet, og etter endt ferd ned  Eidsdalen, tømer elva seg i Eidsfjorden, ved Os, nærmast i Eid sentum. Jobben er  gjort.Vatn ned fisk opp. Både djupe og grunne hølar er passert, stryk, virvlar  og attereker er danna. Men her også rolige parti under skuggefulle trekroner,  for Eideselva er i heile si lengde omkransa av skog, eit grønt “sjal” ligg  inntil “kroppen” på begge sider. Somme stader med ei og anna spanande opnig mot  ein djup og stille høl. Sportsfiskaren som opplever dette må føle seg  “heimkomen“. Elva er heller ikkje berre ein vasstreng gjennom dalen, men også  eit posistivt visuelt element til glede både for grunneigarar og andre som vel å  stresse ned langs både rolige og meir straumfulle partia ein sumarkveld.

Hølane, eller fiskaplassane er spreidde over ei strekning på omlag 10 km, med  varierande kvalitet.

Og her kan vi godt minne om at det var i denne elva den hittil største holaksen  i Norge er landa, 27,6 kg. Dette var i mai 1944.

Elva har også ei histore som ikkje kan reigistrerast utan å gå i “djupet”.  Starten er eigentlig i  førhistorisk tid. Mykje vatn, is og gjørme har dundra  ned dalen og  lagt grunnlaget for landskapet slik vi ser det i dag. Elva er som  fylgje av den slakke hellinga meandrerande, og resultatet av dette er variasjon  og mangfald i kulturlandskapet.

Når det gjelder bruken av elva, så har den vore variert, brukarane og oppdraga  spegla aktiviteten og omfang.

Vikingane var her, småkongane kjempa om rettar den gongen også. Her var  opplagsplass for skip underlagt leidangen(organisert lokal hærstyke). Skottane  sigla opp elva og henta tømmer i dalen for frakt til utlandet, m.a. til pæling  som stabileiserande element i samband med byane som vaks opp på flatlandet ved  kystane i Europa, dåtida sitt “EU“. Også jektene som trafikerte både nære og  fjerne kystområder, nytta også “Eids hamn” saman med den lokale flåte. Osen var  den einaste i så måte.Elva fungerte ikkje berre som transportveg og hamn, men  var også grunnlag for lokal industri og næring, mest i privat regi. Her var  såleis større og mindre sagbruk, samstundes vart ei rekke kvernhus etablert,  særlig i øvre del. Kraftverk, sagbruk og lutlaget Nor Meieri vart anlagt med  Kviafossen som energikjelde.

Den nyare historia er stort sett konsentrert omkring fisket. Her dreia det seg  rettar, utsyr og metodar. Her var interessemotsetnader, frontane kunne være  harde, samstundes som det luska ein del “freelance” i kulissane. Elveeigarane  vart nærmast pressa til å danne eit elveigarlag og dette kom på plass i 1911.

Engelskmennene vart no meir aktive. Somme hadde vore ute ei “natt før“.Nokre var  høgare pensjonerte tenestemenn m.a. med bakgrunn i oppdrag fjerne østen. Med  engelskmennene kom estetikk og kultur. Omgrepet sportsfiske vart innført og  utstyret i denne sporten var stang m. snelle og med fluge til agn, og kombinert  med rutet knikkers, passande jakke og caps/hatt, var dei kledde for elva. Somme  eleveeigarar let seg hyre av gjestane, og erverva seg kontantar, men ikkje berre  gjennom ved å leige ut elv, men også anna utstyr og det å utføre andre tenester,  d.t. være tilrettelaggar og roarar. Men like verdfullt for elveeiagrane, var nok  å registrere gjestane si haldning til- og opptreden i elva. Somme saug til seg  ny viten, laga seg utstyr, som av og til vart testa gjennom “turrtrening” på  land. Dei gamle fiskemetodane måtte vike, kravet frå gjestane var ei såkalla  “rein elv”, fri for elveeigarane sitt grove reiskap og dessutan få kontroll, og  eit sentralt poeng her var å halde ubedne “gjester” borte. Her arbeidde både det  off. tilsyn og elveeigarane saman med å gjere opphaldet i elva surt for  tjufiskarane.

Flugefisket med handreiskap vart no etablert i Eidselva. Mange såg verdien i  denne fiskemetoden. Kunnskap om utstyr, metode og det å være på rett plass til  rett tid med rett agn, gleid inn etter kvart. Hovudpoeng var rett å “fylgje  med“, opparbeide teft og føle at fisk mot fiskar var det sentale element i denne  sporten. Begge med likeverdig sjanse.

Ein må kunne seie at denne sportsgreina for lengst er blitt global.
         

Aktuelt
Midtvegsrapportering 2017

Elveeigarlaget har no sendt inn midtvegsrapporten pr. 1. juli. Dette ser svært lovande ut. Fan..

Les meir »
God start på fisket i Eidselva i 2017

Det vart teke 15 laksar mellom 5 og 10 kg første fiskedøgnet. I tillegg også nok..

Les meir »
Laksefisket 2017 er i gang.

Endeleg er ventetida over og fisket er i gang i Eidselva. Her er 2 av dei første laksane i &a..

Les meir »