Startside English German
 
Sesongen 2007
Sesongen 2007 vart ein positiv oppleving frå vår side, fangstmessig sett, etter mange dystre spådomar.

Sommaren var prega av mykje ruskever, med kald nordavind. Vassføringa var høg gjennom heile sesongen, og bidrog til at fisken gjekk svært raskt opp i Hornindalsvatnet. Den høge vassføringa gjorde at enkelte soner var lite fiskbare, og at mykje av fisket konsentrerte seg om dei rolege partia av elva. Mange fiskarar meldte om mykje sett laks, men dårleg fangst, og lausbeten fisk.

(illustrasjonsfoto)

Her er fangsttala for sesongen 2007:

Tert             66 stk    115,2kg   gj.sn.vekt  1,77kg        

Mellomlaks 119 stk    563,2kg        "          4,73kg

Storlaks       68 stk    583,1kg        "          8,57kg

Totalt         252stk    1261,5kg

Aure          303stk      559,4kg   gj.sn.vekt  1,85kg

< Forrige