Startside EnglishGerman

Første møte med Eidselva for Andre Vik frå Osterøy.

Sportsfiskelaget | Tirsdag 12.juni 2012

Første møte med Eidselva gav full klaff for Andre Vik frå Osterøy.

Storlaksen på 17 kg vart teken på sona Staten.

Andre Vik fisket med sluk og ved tredje kastet nedanfor Skipenes-brua var det fast fisk.  Det vert ny tur til Eidselva i begynnelsen av juli for den heldige laksefiskaren frå Osterøy.

Sportsfiskelaget | Tirsdag 12.juni 2012

Første møte med Eidselva gav storlaks for Andre Vik frå Osterøy.

Laksen vart landa på sona Staten fredag 8. juni.

Den vog 17 kg, 120 cm lang og 60 cm rundt buken. Redskap: sluk.

Dette er største laksen så langt i år i Eidselva.

Det er motteke fangstoppgåve for 28 storlaks sidan fisket starta.

 

Lars Harsheim fekk denne ruggen på 12,8 kg på Sanden på Alsaker måndag morgon. Det var tydelegvis meir laks i elva og fiskarane på Alsaker hadde også mista fisk.

Det har siste dagane vore observert stor oppgang av laks i elva og den største laksen på mange år vart nyleg landa på Hjelle. Denne vog heile 19,5 kg.

LAKSEFISKET I EIDSELVA OPNA 1.JUNI

 

Nok ein gong var Knut Rasmus Hjelle førstemann med fangst i Eidselva. 10 minutt over midnatt var første storlaksen på land. Laksen på 9,1 kg vart teken på fluge i Hammarhølen på Hjelle.

Det vart elles teke 3 laksar til første natta - ein på 10 kg på Alsaker og 2 på 7,5 kg på Staten

Aktuelt
Midtvegsrapportering 2017

Elveeigarlaget har no sendt inn midtvegsrapporten pr. 1. juli. Dette ser svært lovande ut. Fan..

Les meir »
God start på fisket i Eidselva i 2017

Det vart teke 15 laksar mellom 5 og 10 kg første fiskedøgnet. I tillegg også nok..

Les meir »
Laksefisket 2017 er i gang.

Endeleg er ventetida over og fisket er i gang i Eidselva. Her er 2 av dei første laksane i &a..

Les meir »