Startside NorwegianGerman

Nordnes

Eid Sportsfiskelag leiger ut 1 stong i døgnet. Det seljast både døgn- og halvdøgnskort hjå G-sport Eid frå og med 21. juni til og med 31. august.

Valdet er 300 meter lang, og ligg på sørsida av elva, og er siste sona før laksetrappa. Strekninga er også kalla ”Fossen”. Valdet er i nedre delen ein lang høl med ein del grunne parti og groper. I øvre delen er elva ikkje lett tilgjengeleg for fiske på grunn av bratt terreng med skog. I hølen har ein store sjansar for å få grov laks og sjøaure. Fisket er godt på stor og lita elv.

Reiskap: Fluge, makk og sluk.

Recent news