Startside NorwegianGerman

Hildenes

Eid Sportsfiskelag leiger ut 1 stong i døgnet. Det seljast både døgn- og halvdøgnskort hjå G-sport Eid.

Sona er 675 meter lang, og ligg på nordsida av elva. I tillegg til fire gode hølar finn ein fine kulpar og småplassar på valdet. Ved ”linja” finn du kanskje beste hølen. Storlaks stoppar ofte opp her. Elles er sona god på sjøaure og mindre laks. Fisket er best når elva er lita.

Reiskap: Makk, fluge og sluk.

Recent news