Startside NorwegianGerman

Balser

Eid Sportsfiskelag leiger ut 1 stong i døgnet. Det seljast både døgn- og halvdøgnskort hjå G-sport Eid. Fiskekorta er rimelegare her enn elles i elva (kr 100 per halvdøgn)

Sona er 60 meter lang, og ligg på nordsida av elva. Valdet har to brukbare småkulpar. Elles er det få tydelege fiskeplassar. Eignar seg for fiske med lang makkestong. Tilhøva er best på lita og mellomstor elv.

Øvre del av sona er merka med eit skilt i berget. Ovanfor dette skiltet er det forbode å fiske på grunn av laksetrappa.

Sona er best for fiske etter sjøaure. Ein sjeldan gong kan ein treffe på større laks.

Reiskap: Makk.

Recent news