Startside EnglishNorwegian

Stokkenes

Eid Sportsfiskelag leiger ut 5 stenger i døgnet. Det seljast både døgn- og halvdøgnskort hjå G-sport Eid.

Sona er 1265 meter lang, og ligg på nordsida av elva. Våren 2006 har Eid sportsfiskarlag lagt ned mykje arbeid i å rydde sona. Valdet er i år godt lagt til rette for fiske med flugestonga. Stokkenes er blant dei meir stilleflytande sonene i Eidselva, sjølv om det også her er parti med hurtigare vassføring.

Store delar av elva på Stokkenes renn ved sidan av ei golfbane. Difor er det lurt å vere varsam på dagtid når golfing pågår. Om mogleg bør du gje beskjed til golfarar som er i nærleiken om kvar du skal fiske.

Valdet er ei god laksesone, men er og bra når det gjeld sjøaurefiske. Største laksen teken på Stokkenes i 2005 var 17 kg.

Reiskap: Fluge, makk og sluk.

Aktuelle Nachrichten