Startside EnglishNorwegian

Staten

Eid Sportsfiskelag leiger ut 4 stenger i døgnet. Det seljast både døgn- og halvdøgnskort hjå G-sport Eid.

Sona er 1000 meter lang, og ligg på nordsida av elva. Valdet er det siste før sjøen. Elva er delvis stilleflytande, og kan bli påverka av floa så langt som til Skipenesbrua. Fiskeplassen ved Skipenesbrua vert kalla ”Bruhølen”, og er truleg den beste hølen på Staten.

Av alle sonene Sportsfiskelaget leiger, blir det som oftast teke mest laks på Staten. Fangstane er fordelt på alle storleikar av laks og sjøaure.

Reiskap: Fluge, makk og sluk.

Aktuelle Nachrichten