Startside EnglishGerman

Merke- og peileprosjekt i Eidselva

Eidselva vert i år med i prosjektet som starta i Stryneelva i fjor. Det er plassert ut ein serie lyttebøyer i elva og ut i gjennom heile Nordfjorden som registrerer når fisken passerer bøyene innafor omlag 400 m. Planen er å fange inn yngel med elektrisk fiske og deretter bedøve fisken og sette inn ein sender. Heile prosjektet er i regi av NMBU og FM i Sogn og Fjordane har gjeve løyve. Oppdrettsnæringa er med og finansierer prosjektet. Målet er å kartlegge lakseyngelen sitt vandringsmønster og vandringstid. Når dette er kartlagt kan oppdrettsnæringa koordinere si lusebehandling for at det skal vere minst mogeleg smittepress når yngelen vandrar ut fjorden. For auren er målet å sjå korleis denne nyttar fjorden både i tid og utstrekning for kanskje å kunne finne årsaka til den katastrofale nedgangen i aurefisket dei siste åra. 

Det skal merkast omlag 100 lakseyngel og 40 aurar og kanskje også noko Honndalsaure. Elveeigarlaget tykkjer det er eit spennande prosjekt og ser fram til resultata etterkvart som dei kjem. Vi håpar dette kan gi oss verdifull informasjon til det beste for elva, laksen, auren og fiskararane.

Legg ved lenkje til rapporten frå prosjektet i Stryn i fjor: 

https://static02.nmbu.no/mina/publikasjoner/mina_fagrapport/pdf/mif48.pdf

Aktuelt
SLUTT PÅ RESTRIKSONANE PÅ FISKE

Restriksjonane med kraftig redskapsbegrensning er no oppheva. Vassføringa har auka gradvis og..

Les meir »
Forskriftsendring for fiske i og utanfor vassdrag med anadrome laksefisk.

Forskrift om fiske i og utanfor vassdrag med anadrome laksefisk vart endra av Fylkesmannen 6 April 2..

Les meir »
Aktuelt

Styret i elveeigarlaget har i samråd fagrådet for Eidselva i dag bestemt at redskapsbren..

Les meir »