Startside EnglishGerman

Uttaksfisket 2018

Eidselva er også i år med på lista over elvar der det skal takast ut oppdrettsfisk. Sjå lista over utvalde elvar


Merke- og peileprosjekt i Eidselva

Eidselva vert i år med i prosjektet som starta i Stryneelva i fjor. Det er plassert ut ein serie lyttebøyer i elva og ut i gjennom heile Nordfjorden som registrerer når fisken passerer bøyene innafor omlag 400 m. Planen er å fange inn yngel med elektrisk fiske og deretter bedøve fisken og sette inn ein sender. Heile prosjektet er i regi av NMBU og FM i Sogn og Fjordane har gjeve løyve. Oppdrettsnæringa er med og finansierer prosjektet. Målet er å kartlegge lakseyngelen sitt vandringsmønster og vandringstid. Når dette er kartlagt kan oppdrettsnæringa koordinere si lusebehandling for at det skal vere minst mogeleg smittepress når yngelen vandrar ut fjorden. For auren er målet å sjå korleis denne nyttar fjorden både i tid og utstrekning for kanskje å kunne finne årsaka til den katastrofale nedgangen i aurefisket dei siste åra. 

Det skal merkast omlag 100 lakseyngel og 40 aurar og kanskje også noko Honndalsaure. Elveeigarlaget tykkjer det er eit spennande prosjekt og ser fram til resultata etterkvart som dei kjem. Vi håpar dette kan gi oss verdifull informasjon til det beste for elva, laksen, auren og fiskararane.

Legg ved lenkje til rapporten frå prosjektet i Stryn i fjor: 

https://static02.nmbu.no/mina/publikasjoner/mina_fagrapport/pdf/mif48.pdf

Desinfeksjonsstasjonar

For å kunne kjøpe fiskekort, må du vise kvittering for å ha desinfisert fiskeutstyret.


Desinfeksjonsstasjonar for fiskeutstyr vert på Nesjartun Camping,Statoil og hjå Arild Andersen.

Andre kan og lage til stasjon etter avtale med styret.

Kortselgar er ansvarleg for at fiskarane har dokumentert desinfisert utstyr.

Informasjon om Eid Elveeigarlag

Leiar i styret i Eid elveeigarlag er Per Ingvar Langeland.

Han kan nåast på telefon: 57861192.

For kontakt via e-post: jlindvik@hotmail.com

 

Midtvegsrapportering 2016

Elveeigarlaget har i dag rapportert fangst for første halvdel av sesongen. Det er fram til 03.07.16 teke omlag 650 kg laks. Det er likt fordelt mellom storlaks og mellomlaks. Det er kun teke 18 kg tert. Fisket er på nivå med 2015. Det var særleg starten på sesongen som var god og fisket har avteke den siste tida. Det er rapportert om mykje fisk i fjorden så vi treng ein liten auke i vassføring for å få den ønska oppgangen. Det er ikkje gjort endringar i kvotane på dette tidspunkt, men dersom fisket vert godt no framover vert det vurdert å auke totalkvoten på eit seinare tidspunkt.

 Her er Sindre Moe med ein laks på 7,5 kg teken på Hildenes opningsdagen i 2016.

Alfred Flåm fekk denne flotte laksen på Alsaker mandag 14 august.  Laksen vart teken på makk.

Uttaksfisket 2017

Rapporten frå UORO om uttaksfisket i 2017 er no klar:

http://uni.no/media/manual_upload/LFI-303.pdf

Her er eit par filmsnuttar av flotte laksar og sjøaurar fra kameraprosjektet i Eidselva.

 
Aktuelt
Uttaksfisket 2018 - OURO

Eidselva er også i år med på lista over elvar der det skal takast ut oppdrettsfisk..

Les meir »
Kameraprosjekt Eidselva

  ..

Les meir »
OURO uttaksfisket 2017

Rapporten frå UORO om uttaksfisket i 2017 er no klar: http://uni.no/media/manual_upload/LFI-3..

Les meir »