INFORMASJON FOR FISKESESONGEN 2010
Kvote:
Styret i Eid elveigarlag har vedteke fylgjande regulering for fisket sesongen 2010.
1 laks pr. fisker pr. ½ døgn og 2 laks pr. døgn.
Med laks meinast frå og med minstemål.
Totalkvote på 7 villaks over 3 kg pr. fisker i sesongen 2010.
Minner Dykk om skjellprøve av all fisk.
Hugs også på rapportering av fangst. Dette er svært viktig - vi er heilt avhengig av rett rapportering for å få styre elva sjølv.
I år skal også gjenutsett fisk registrerast og rapporterast med ca vekt og lengde.
Desinfisering:
Det vert desinfiseringsstasjonar på Nesjartun camping, Statoil og hjå
Arild Andersen ( Skipenes Gard ). Har du vore i anna vassdrag, så skal
fiskeutstyret desifiserast. Dokumentasjon vert utskriven frå desifiserings-stasjon.
Oppsyn:
Det vert utførd kontroll av fiske og fiskeredskap i dei sonene som Eid sportsfiskelag
leiger i Eidselva. Kontrollør har og funksjon som kontaktperson ved evt. spørsmål frå
den enkelte fisker.
Kontrollør: Ådne Sølvberg, 90 12 70 79 Staten.
Roar Halkjelsvik 91 19 64 46 Staten
Svenn Morten Eikeset, 90 19 02 06 Stokkenes, Langeland, Hildenes
Ståle Solheim 90 51 15 21 Bjørlo
Carin Kristiansen, 45 61 79 67 Bjørlo
Dag-Ståle Leivdal 91 53 14 58 Nor / Balser / Moen / Fossen
Øistein Simonsen 90 83 09 41 Nor / Balser / Moen / Fossen
Vi vil oppfordre Dykk alle til å ta med boss slik at det vert ei triveleg oppleving
ved elva.
Skitt fiske !
Eid Sportsfiskelag
Styret